Saturday, 16 May 2015

Du går fram til mi inste grind, og eg går og fram til di. Innanfor den er kvar av oss einsam, og det skal vi alltid bli.




Du går fram til mi inste grind,
og eg går og fram til di.
Innanfor den er kvar av oss einsam,
og det skal vi alltid bli.

Aldri trenge seg lenger fram,
var lova som gjalt oss to.
Anten vi møttes tidt eller sjeldan
var møtet tillit og ro.
Står du der ikkje ein dag eg kjem
fell det meg lett å snu
når eg har stått litt og sett mot huset
og tenkt på at der bur du.

Så lenge eg veit du vil koma i blant
som no over knastrande grus
og smile glad når du ser meg stå her,
skal eg ha ein heim i mitt hus.
Halldis Moren Vesaas

Kjære, alt ditt som du viser meg no
- så utenkt som mangt av det er -
kan det vel hende er ikkje forsto
om du ikkje var meg så kjær.

Eg stansa vel uviss, utan svar,
som framfor eit ukjent land,
om ikkje min kjærleik til deg var
for meg som ei lykt i mi hand.

Den lyser meg fram, så eg kan gå inn
og gjere meg kjend i kvar krok.
Det er ikkje sant at kjærleik gjer blind.
Kjærleik gjer klok.

Halldis Moren Vesaas


Nå har jeg registrert meg på Bloggurat. Jeg har plassert min blogg i Sandnesnorske bloggkart!

No comments: